Årsmelding for Marnardal Historielag 2018

 

Marnardal Historielag har hatt nok eit aktivt år. Medlemstalet er uendra frå i fjor, 168 medlemmer.

Styret har vore:

Leiar:               Siss Ågedal     

Nestleiar:        Astrid Kleveland

Kasserar:        Siss Ågedal

Styremedl.:     Kjell Høgetveit, Kari Glomså, Knut Homme, Bjørg Manflå

Turkomite:      Arvid Svindland og Kjell Høgetveit

Matkomite:     Kari Glomså og Siss Ågedal

Arvid Svindland har gått ut av styret av helsemessige grunner.

Svein Arild Strædet har halde fram med heimesida.

Årsmøte 2018.

Årsmøtet var 20.3.2018 på Høgtun.

Etter at årsmøtesakene var ferdig heldt Leiv Arne Åkset foredrag med tema «Naturen som medisin» der han viste flotte naturbilete. Kari Glomså viste 3 filmsnutter frå 1960 og -80 åra der det var mange kjente i ein yngre utgåve.

Kulturkveld

Kulturkvelden på Høgtun 24.april starta i år med ragtimemusikk ved Audun Midling-Jenssen.

Kulturprisen gjekk dette året til Bjørn Magne og Roy Ramsland for mange års innsats innan idretten for barn og unge, samt utvikling av naturstier og friluftsområder. Etter matpause kåserte Olav Grendstad om fylkesgrensa mellom Agder fylka. Sigurd Haugsgjerd hadde deretter kåseri om «gode seiemåtar» med skjemt og alvor frå kommunen og nærliggande område. Oppmøtet var godt og programmet blei tatt godt imot.

NaturLosturen.

Dette året var turen var blitt i NaturLos brosjyren, og 17. juni stilte nærmare 40 deltakarar til orientering på Nome. Etter mange veker med varmt og tørt vær, kom regnet denne dagen. Ingen kunne klaga, vi trengte regnet. Thor Olav Sveinall var los og hadde mye interessant å fortelle om staden og menneska. Etterpå gjekk turen til grillhytta ved Nomevannet der grillen var varm. Roy Ramsland fortalte om arbeidet for å få til den fine plassen.

 

Haustturen

Turen var 16. september og gjekk til Arkivet i Kristiansand. Etter ein sommar utan regn fekk vi også denne dagen kraftig nedbør. Inne på Arkivet var det varmt og tørt, sjølv om fortellingane frå krigen sende kalde gufs gjennom oss. To omvisarar var kunnskapsrike og hadde mye å vise og fortelje. Etter 2,5 timer takka vi for den fine omvisinga og drog til Cafe Generalen i Ravnedalen for å få ein velsmakande middag før heimturen.

Haustmøtet

Haustmøtet var 23.oktober på Grendehuset i Bjelland. Møtet starta med Margith Seland og Hans Martin Sveindal som fortalte om prosjektet som førte til den nye boka «Amerikafeber»

Dølen 4H sørgja for kaffi og gode kaker til alle. Elisabeth Haaland viste om i Røynesdalstova etter matpausen.

Siste del av møtet var vigd til en god presentasjon av den 23. utgåva av Marnarminner ved Gunnar Skaar. Boka blei lagt fram på møtet til medlemmane, og ekstra bøker var til sals. Redaksjonskomiteen har vore leiar Gunnar Skaar som tok over etter Stig Skjævesland. Med seg hadde han John Hjemlestad, Audun Nilsen og Elisabeth Haaland. Stig Skjævesland har stilt med kunnskapsoverføring. Styret vil takke for nok ei god bok som har blitt godt motteke.

Andre saker

  • Styret har motteke spørsmål frå utflytta personer som søkjer kontakt med ætt og heimstad til forfedrane. John Lauvdal og Paul Sveinall har vore gode hjelparar i slike høve. I oktober tok John samen med Helen Glomså, Aasta og Ragnar Fidjestøl godt imot Anne Stølan, broren Inge og mora deira, som hadde ønske om å kome til Øyslebø, der faren hadde budd i barndommen.
  • Styret har byrja å tenke på markering av laget sitt 25års jubileum som blir i 2020.
  • Oppdatering av bygdebøkene er også et tema som er teke opp til drøfting.
  • Bjørg Manflå deltok frå laget på fylkesårsmøtet i Agder Historielag.

 

Regnskap

Regnskapet viser eit overskot i 2018 på kr 7.319,64. Ved utgangen av 2018 har laget ein eigenkapital på kr 152.894,24 der det meste er bankinnskot. Med andre ord solid drift.

Styret har hatt 7 styremøter siste året.

Bue, 20.2.2019

For styret

Siss Ågedal      Astrid Kleveland         Kari Glomså    Bjørg Manflå 

Kjell Høgetveit                        Knut Homme