LOSTUR TIL NOME 17. JUNI 2018

Våren 2018 hadde gitt sommarvarme og lite, eller ingen nedbør, i seks veker i strekk. At sundagen for LOS-turen kom med regn var ikkje det historielaget hadde ønska seg. Likevel var det ingen som klaga på veret da det regna rolig frå ein grå himmel.

Nærmare 40 turglade og historieinteresserte hadde møtt opp i Grushola før Nomegarden. Det blei litt trongt om parkeringa, men det løyste seg greitt. Kari H. Glomså ønska velkommen til denne turen og overlét ordet til Thor Olav Sveinall som var los på turen. Han hadde sett seg godt inn i historia kring fleire av Nomegardane. Vi starta ved Grushola. Her kunne han fortelle at det hadde det hadde blitt funne et sverd høsten 1938. Det var gjort et funn på nabogarden Skaue som var frå folkevandringstiden. Funnet i grushola på Nome var et sterkt rusta tviegga Vikingsverd, altså av nyare dato enn det andre funnet. Funnet ble meldt inn og er registrert på kulturhistorisk museum i Oslo.

Vegen ut til Nome ligg langs elva Skafte. Denne elva renn begge veier, vanlegvis ut i Mandalselva. Men dersom der er flom i den, så renn vatnet innover mot Nomevatnet. Det var dette som skjedde under den store flaumen i oktober 2017. Vatnet steig då 7-8 meter over vanleg vannstand i Nomevatnet. Det er vanleg at jordene langs Skafte flaumar noe over, og dette gjev ekstra næring til jorda langs elva.

Neste stopp var på ved garden «Brodet». På denne garden voks det opp mange flinke folk som valte å reise ut som misjonærar, de fleste til Madagaskar på 18 -1900 talet. Dei blei verande der heile livet, men kom heim på besøk, ofte samen med innfødde. Heime på Nome var det aktive misjonsforeiningar som heldt basarar. Det kjente Nomestemnet var et årvisst arrangement på sommaren.

Vi stoppa deretter på garden «Der heime» som var eid av oldefaren til Thor Olav Sveinall, A. P. Nome. Frå tidlegare var denne garden og «Brodet» ein gard, men vart delt opp i 1848. Sveinall har samla dagbøker gjennom 4 år i perioden 1876-1879 frå oldefaren, samt familiekrønike og en rekke gamle brev. Han hadde mange kjærleiksbrev mellom oldeforeldra før dei gifta seg. I breva gjekk det tydeleg fram at ho var «usikker på om dette var Guds vilje».

Bestefaren budde ikkje på garden, det var to søstrer som hadde retten til å bu der. En av desse var Olevine Nome som var sjukesøster frå 1917.  Ho reiste rundt i området og hjelpte dei sjuke, mange av desse hadde tuberkulose.

Nomegardane ligg på ein lun plass, og det vart fortalt om store hagar med mengder av epletre. I hagen vart det halde selskap, og det tidlegare nemnde Nomestevnet på sommaren.

Etter orienteringa om gardane på Nome gjekk turen vidare utover mot Nomevatnet og til gapahuken som er bygd der. Der var det tak over hovudet for de fleste, og grillen ble varma. Roy Ramsland fortalte om gapahuken og området rundt som er sett i stand av Øyslebø Vel med mye dugnadsarbeid og økonomisk støtte fra Gjensidigestiftelsen. Dugnadsfolka visste at det kunne bli flaum ved gapahuken, og den vart solid festa til fjellgrunn. Under den store flaumen i oktober 2017 stod vatnet minst en meter over gapahuken. Etter at vatnet sank, stod den like fin på plass, og bileta hang like fine inni den.

Med medbrakt niste og varm grillmat var det tid for et trivelig måltid med påfølgande prat. Innan de siste snudde på heimveg var regnværet over, og turen tilbake etter en hyggelig tur gjekk i tørt vær.

Siss Ågedal,

Styreleder Marnardal Historielag