Lostur Laudal rundt, søndag 11. Juni 2017


Det var 20 som møtte opp ved Laudal Kyrkje på denne nydelige
søndag formiddag. Fleire generasjonar Marnardølar og folk fra
Holum. John Lauvdal gav oss ei svært interessant og
innholdsrik innføring i Laudals historie. Om Kyrkja,
skolen/herredshuset og alt som he vore der, om lærarar,
klokkarar og bøndar, om kor vegane var anlagt, (det var langt
over heiane før dalevegen kom!) om den flotte ”logånbrauna”
som vi ikkje ser eller tenker over når vi går over ho, om
vadesteder de jagde kyrne over, om aust- og vestgardane.

Logånabruna på Laudal

 

Det er rart å tenka på i dag om kor mange butikkar og
etablissementar det he vore på denne ”sentrale” plassen!
Så gjekk vi over Klapsåsen og vi høyrde bl.a. om
husmannsplassar, og om Namnefjell med årstallet 1875
innhogd.
Etterhvert ankom vi Mjåland Gård, og der tok ei blid Brit
Mjåland oss i mot. Ho beretta bl.a. om eit interessant prosjekt:
”Inn på tunet”, og om korleis det er å dyrka økologiske
jordbær. Vi fekk også bakgrunnsstoff om henne og Mjåland, om
hengebrua og historia til gården.

På Mjåland gård

Så hadde ho dekt nydelig bord
til oss, og laga deilig suppe med kortreiste ingrediensar, og
rundstykker og kake og kaffe. Alle som ville og hadde anledning
fekk omvisning på gården. Dette var ein hyggeleg dag, men
tida gjekk dessverre så altfor fort.