Årsmelding for Marnardal Historielag 2017

 

Marnardal Historielag har hatt nok eit aktivt år. Medlemstalet har auka frå 164 til 168 ved utgangen av 2017.

Styret har vore:

Leiar:               Siss Ågedal, , vald av og mellom styremedlemmene           

Nestleiar:        Astrid Kleveland

Kasserar:        Siss Ågedal

Styremedl.:     Kjell Høgetveit, Kari Glomså, Arvid Svindland, Knut Homme, Bjørg Manflå

Turkomite:      Arvid Svindland og Kjell Høgetveit

Matkomite:     Kari Glomså og Siss Ågedal

Svein Arild Strædet har halde fram med heimesida.

Årsmøte 2017.

Årsmøtet var 28.2.2017 på Høgtun.

Etter at årsmøtesakene var ferdig heldt Reidun Slettan eit levande og interessant foredrag frå sine 50 år som lærer i Øst-Finnmark. Ingeborg Fredriksen viste fram og fortalte om gjenstandar frå museet.

Astri Skuland og Gunnar Skaar, som gjekk ut av styret, blei takka med gode ord og blomster.

Kulturkveld

Kulturkvelden på Høgtun 25.april er vårt største årlege arrangement. Oppmøtet var godt og programmet variert med musikalsk innslag frå Kulturskolen i starten.

Paul Sveinall heldt ei spanande forteljing kalla «Vegen» før kveldens høgdepunkt som var utdeling av Marnardal kommune sin kulturpris til Arvid Høye for lang og verdifull innsats for idrett og lokalmiljø. Etter matpause var det konsert med tittel «Someone Else’s story» med sangerne Ingunn Abrahamsen, Anita Berge Heivoll, Kristin Valle Printz og Thomas Stanghelle. På piano, Runar Nørsett.

NaturLosturen.

Den årlege turen var ikkje blitt med som NaturLostur da vi var for seine til å melde inn turen. Den 11. juni starta turen ved Laudal Kyrkje der John Lauvdal informerte om bygda, og Trygve Øyulvstad var los. Turen gjekk over ”Lågånbrauna” og bort til skolen. Vidare over Klapsåsen, og så over til Mjåland Gård. Her var det orientering om andelslandbruk, ”Inn på tunet” og dyrking av økologiske jordbær. Det var suppe m/rundstykke og kake/kaffi til pause. Veret var ikkje godt denne dagen, så frammøtet var mindre enn vanleg.  

 

Haustturen

Turen var 10. september og var planlagt av Arvid Svindland, og starta med interessant omvising på Bøkkerbua i Feda. Frå Feda drog vi vidare til Kenneth Trælandshei på Raustad i Feda. Han har han samla ei rekke bygningar som er sett opp på eigedommen. Han har også bygd et nytt kapell; Raustad Gardskapell. Etter ein kopp kaffi og nistemat var det minikonsert med Wenche Hunsbedt Svindland og pianist Oddbjørn Stakkeland i kapellet. Det var ei heilt fantastisk oppleving. Opphaldet vart avslutta med omvising i dei mange bygningane. Veret var skiftande med kraftig styrtregn da vi kjørte vidare til Utsikten Hotell som baud på søndagsmiddag som avslutning på turen.

Haustmøtet

Haustmøtet var 21.november på Høgtun. Møtet starte med eit levande foredrag av Ingjerd Modal med Gabriel Scott og hans diktverk som tema. Viktig del av møtet var en god presentasjon av den 22. utgåva av Marnarminner ved John Hjemlestad. Boka blei lagt fram på møtet til medlemmane, og ekstra bøker var til sals. Redaksjonskomiteen har vore leiar Stig Skjævesland samen med John Hjemlestad og Elisabeth Haaland. Styret vil takke for nok ei god bok som har blitt godt motteke.

Stig Skjævesland har meldt frå til styret at han takker av som leiar for redaksjonskomiteen etter 6 år. Styret takker for den viktige og omfattande jobben han har gjort.

Andre saker

  • Styret har motteke spørsmål frå utflytta personer som søkjer kontakt med ætt og heimstad til forfedrane. John Lauvdal og Paul Sveinall har vore gode hjelparar i slike høve.
  • Bjørg Manflå deltok på fylkesårsmøtet i Agder Historielag.

 

Regnskap

Regnskapet viser eit overskot i 2017 på kr 22.642,45. Ved utgangen av 2017 har laget ein eigenkapital på kr 145.574,60 der det meste er bankinnskot. Med andre ord solid drift.

Styret har hatt 4 styremøter siste året.

Høgetveit, 14.2.2018

For styret

Siss Ågedal      Astrid Kleveland         Arvid Svindland           Kari Glomså    Bjørg Manflå

Kjell Høgetveit                        Knut Homme