Årsmelding for Marnardal Historielag 2014.
Ved utgangen av året hadde laget 178 medlemmer inkludert husstandmedlemmer og æresmedlemmer.
Styret har vore:
Leiar: Astri Skuland
Nestleiar: Arvid Svindland
Kasserar: Svein Arild Strædet
Styremedlem: Bjørg Manflå
Styremedlem: Birger Usland
Styremedlem: Kjell Høgetveit
Styremedlem: Kari Glomså
Varamedlem: Gunnar Skaar
ÅRSMØTE
Årsmøte vart halden 19.mars på Laudal skole.
Møtet sette ned ein komite – Astri Skuland, John Lauvdal og Bjørgulv Rygnestad til å prøve å løyse det uføre som Historiske Foto –Marnardal var komen i. På grunn av problem med overgang til nytt dataprogram blei fleire tusen fotografi gjort utilgjengelege . Å rette opp dette var ei krevjande oppgåve som var kalkulert til kr. 300.000,-. Årsmøtet vedtok å opprette nemnde komite og løyvde kr. 50.000,- som tilskott til arbeidet.
Komiteen øvde trykk på kommunen for å få nye friske pengar til oppretting og ajourføring etter det opplegget som blei presentert på årsmøtet 2014 Resultatet er at kommunen tok på seg ansvaret for å få ordna problema og er i ferd med å utført dette arbeidet slik dei ser det naudsynt. Bileta skal bli publisert på Digitalt museum innen utgangen av mars 2015. Tilskott frå historielaget er ikkje lenger aktuelt og komiteen ser oppgåva si som avslutta. Så får vi tru at dette er ei løysing som viser seg å vere bra nok.
På medlemsmøte etter årsmøtet var det foredrag ved Gjert Ragnvald Vatne Kristiansen om rosemalingstradisjonen i Marnardal. Han deltok også på ein rundtur i Laudal museum som avslutning på kvelden.
Styret har hatt 5 møter og mykje av arbeidet har dreia seg om å gjennomføre dei arrangemanga som laget vedtok gjennom årsplanen på årsmøte i fjor. Det er 5 faste arrangement – stort sett etter same mal i den 20 årige historia til Marnardal Historielag..
KULTURKVELDEN
på Høgtun 23.april er største tilstelning i løpet av året. Dette er eit felles arrangement med Marnardal kommune og Høgtun Kultursenter. Birgitte Sørensen holdt eit interessant kåseri om ”1814 - Omveltningens år, generelt og lokalt”. Ho hadde funne fram til mykje interessant lokalt stoff. Musikalske innslag ved Tor Arve Monan og Øystein Sangesland skapte god stemning , likeså dei tre elevane frå Marnardal Kulturskole som deltok med pianospel og sang.
Høgdepunktet var da ordføraren i fullt festskrud, med ordførerkjede og bunad, overrekte kommunens kulturpris til Olav Øen. Prisen er eit relieff av Sigurd Nome.
LOS-TUREN
LOS-turen var i år lagt til Bjelland søndag den 8.juni. Odd Rolf Roland leia gruppa med stø hand gjennom historie og lokale stader i Bjelland sentrum. Rundturen starta og slutta ved kyrkja der John Lauvdal runda av ein hyggeleg dag med eit historisk foredrag på kyrkjebakken. Temaet var 1814.
HAUSTTUR
21.september drog laget på søndagstur til Holum. Vi møttest ved Eddas låve på Holmesland der Edda Holmesland Snaprud ga ei interessant innføring om kunsten, hagen og historia knytta til garden. Ho fortalde m.a. at Søren Jåbekk vart fødd der. Deretter samlast vi hos Inga Lise og Kjell Høgetveit i ”Sørlandshagen” i Holum til servering, hygge og omvisning. Dagen var årets siste sommardag med knallblå himmel og sommertemperatur. Ca 40 deltakarar kosa seg i hagen utover ettermiddagen.
HAUSTMØTE
Haustmøtet den 19.november på Laudal skole. Gunnar Skaar heldt eit interessant kåseri som han kalla ”Spor etter ord”, han forklarte om ”kategorial dannelse” og verdien av å samle kunnskap, - som vil vere den beste lagervare for framtidige generasjoner.
Vakker visesang ved Inge Olsen, opplesing av Bjørg Manflå og presentasjon av ymse museumsgjenstandar ved Ingeborg Fredriksen. Godt frammøte.
Marnar-minner 2014
Redaksjonskomiteen har i år vore:
Leiar Stig Skjævesland
Medlem Elisabeth Haaland
Medlem John Hjemlestad.
Årets Marnar- Minner blei som tidlegare år lansert på haustmøtet. Stig Skjævesland la fram ei grundig og interessant bok. Redaksjonskomiteen har i denne utgåva markert grunnlovsjubileet ved å vie det meste av boka til lokale hendingar i samband med 1814.
Styret vil takke Redaksjonskomiteen og andre bidragsytarar for innsatsen med boka. For heile kommunen er det av største verdi med denne kultursoga som stadig blir utvida med meir kunnkap og nye bidrag skriven i takt med tida. Kultursoga inneheld til nå 19 bøker med interessant lokalstoff !
Laget har gjennomført 5 arrangement. Grunnlovsjubileet 1814 har vore den store hendinga i 2014 og har derfor vore eit viktig tema på dei fleste av samlingane i laget gjennom året. Ellers kan nemnast at John Lauvdal og Astri Skuland var utsendingar til årsmøte i fylkeslaget. Astri vart vald som vararepresentant til fylkesstyret. Styret har hatt møte med kommunens kulturrådgjevar om felles utfordringar og eventuelle samarbeidstiltak. Svein Arild og Astri har hatt fleire møter med museumsrådgjevar i kommunen.
For styret
Astri Skuland