NATUR LOS TUREN TIL GARDEN SKOGEN 2019

Av John Hjemlestad

Årlige Los-turer er blitt tradisjon, i år var reisemålet heilt nord i kommunen, ja faktisk over grensa til Grindheim (Audnedal kommune). Der ligg garden Skogen (Åsen) med sine tre bruk og ei spennande historie.

Gammelt bilde fra Skogen, Austre og Vestre Åsen i Grindheim.

Foto: Historiske Foto-Marnardal Bilde nr MABFB 2501

 

I dag «langt inne på heia», men slik har det ikkje alltid vore. Fram til 1880 åra ein sentral plass, like ved Nordmannsvegen. Som var hovedvegen frå dei indre bygdene: Grindheim, Eiken, Fjotland og deler av Åseral når folk skulle til Kristiansand.

Nordmannsvegen gjekk frå Fjotland over Haddelands heia, til Eiken, Skeie, over Kvåleheia, vidare mot Nerstøl, Vårdal, mot Byremo, Øvre Ågedal, til Skogen, så til Brumyr, mellom Rydlende og Bjerland. Vidare til Bjelland, utover mot Trygsland og Hesså, så ut mot Ytre Homme. Der var ferje over til Manflå. Derfrå opp til Finsland og så vidare til Kristiansand.

Søndag 30. juni kl. 11.00 kunne Siss Ågedal, leiar i Marnardal Historielag, ønske velkommen til årets Los-tur. Rundt 30 sto klare der Nordmannsvegen møter Glåpevegen mellom Rydlende og Bjerland. Naturlos var Tor Oddleif Brandsdal.

Marnardal historielag klar for tur til Skogen i Grindheim

Foto: Siss Ågedal

Været var litt skiftande, noen regndråper kom det på vegen innover og i det fjerne hørtes tordenskrall. Men det gjekk for over og resten av turen veksla mellom overskya og litt sol.

I veglinja etter den gamle Nordmannsvegen, går det nå ein moderne skogsbilveg fram til Skogen. Etter å ha gått noen meter, kom vi til dyrka mark. Her hadde det vore kvileplass for dei store krøtterdriftene frå indre bygder til Kristiansand. På ei lita «øy» ute i jordet står det ei gammel høyløe med gras på taket og godt vedlikeholdt. Her møtes gammel og ny tid, det er nok eldre slåttemark og myr som er dyrka opp. Hyggelig å se at slike gamle kulturminner blir tatt vare på. Desse uteløene var det mange av i gamle dagar. Innover langs vegen lå mye tømmer, både gran og furu, klar til henting. Her hadde moderne hogsmaskiner vore i arbeid.

Så, etter eit par kilometers vandring, ser vi det som før var dyrka mark, men som naturen er i ferd med å ta tilbake. Grasmark der lauvtrea snart har overtaket. Lenger framme står det ei hytte og vi må gå over på den gamle Nordmannsvegen for å komme fram til første huset. Den er i god stand, solide steingjerder på begge sidene vitner om slitet i gamle dagar. 

 

Vel framme i Skogen og bruket Austre Åsen blir det ein lengre matpause der praten gjekk.

Foto: Siss Ågedal

Historia om gardane i Skogen

Så blei det Tor Oddleif sin tur. Med sine rike kunnskaper «loste» han oss gjennom fleire hundre år med historie. Opprinneleg var området ein del av Øvre Ågedal,  bøndene her brukte det som utmark og sommarbeite. Men folketallet voks, og rundt 1650 blei det skilt ut som eigen gard, først med to bruk, Austre Åsen og Vestre Åsen.  Seinare kom eit tredje bruk.

Austre Åsen

I 1837 kom formannskapsloven, Bjelland og Grindheim blei ein kommune. På den tida var Nordmannsvegen einaste kjørevegen mellom dei to bygdene. Og i huset her hadde kommunestyret møtene sine fram til 1880 åra. Då var Dalevegen Mandal-Åseral ferdig og likeså vegen gjennom Selandsdalen til Foss. Etter den tid veksla kommunestyremøtene mellom Foss i Bjelland og Seland i Grindheim.

Huset er lafta og som vanlig var det tømmervegger i stovene. Men folk meinte dette gjekk ikkje ann i den stova som kommunestyret skulle ha sine møter. Så den blei kledd med panel innvendig. Her blei også Bjelland og Grindheim Sparebank stifta, 28. juni 1864 hadde forstanderskapet sitt første møte i Skogen. Så vi er nesten med på eit jubileum, 155 år og 2 dagar sidan banken starta opp.

Huset i Skogen slik det så ut i 2019 under Marnardal historielag sin LOS tur.

Foto: Siss Ågedal

I mange år var det skysstasjon og gjestgiveri med skjenking av alkohol. For dette løyve måtte det betales ei avgift til Grindheim fattigkasse.

På Bjelland budde presten, for å komme til Grindheim kyrkje kjørte han denne vegen. Som oftast blei det ein pause i Skogen. I mange år var også Åseral ein del av Bjelland Prestegjeld. Å komme til Åseral var ei to dagers reise. Første etappe gjekk til Grindheim med overnatting der. Så vidare over Flottorp til Vassbotn. Om sommaren blei det å ro det ei mil lange Ørevatnet og om vinteren var å kjøre på isen.

Eit stykke nord for Skogen går Nordmannsvegen i ei bratt skråning. Her skal det etter segna ha omkomme ein prest for lenge sidan, området blir kalla Prestefallan.

Elles er det ei soge om då Asserson var prest i Bjelland for godt 100 år sidan. Han var nok ein myndig embetsmann av «den gamle skulen». Etter eit større snøfall var presten på veg mot Grindheim. Her møtte han brøytemannskap med hest og plog. Presten ville ikkje vike, men sette seg til å vente. Då tok grindølane saka i eigne hender, løfta sleden med prest og kusk og plasserte den oppe på brøytekanten slik at hest og brøyteplog kom forbi.

Om haustane kom det store krøtterdrifter forbi Skogen. Det gjekk mye dyr på sommarbeite i heieområdene, Fjotland, Eiken og Åseral. Om hausten blei dyra samla og måtte gå den lange vegen til slakting i Kristiansand. Dei lengste driftene kunne ta opp mot 7 dager. Det var fleire kvileplasser undervegs der folk og fe gjekk til ro for natta. På Bjelland kunne dei gå over brua eller reise mot  Hesså og til Grovane / Ytre Homme. Her gjekk det ferje over Manflåvannet. Men det er også eit va, der dyra kunne vasse over til Manflå.

Hovedhuset på Austre Åsen står ennå, men uthuset er borte. Fleire benytta anledningen til se seg om i huset med så mye historie i veggane. Så gjekk turen vidare til neste bruk.

Vestre Åsen         

Dette er det midtre bruket, her står også hovedhuset, men uthuset er i ferd med å ramle ned. Til dette huset gjekk det elektrisk kraftlinje frå Rosseland, på eine gavlen står ennå strøm inntaket der. Under krigen samla ungdommen frå Bjelland og Grindheim seg her. Spelemennene hadde med seg trekkspel og om laurdagskveldane blei det musikk og dans. Dei kunne kjenne seg rimeleg trygge for tyskarane her på denne avsides liggande plassen.

Barna frå Vestre Åsen gjekk på Rydlende skule i Bjelland. Frå dei andre bruka reiste dei på skule i Grindheim kommune.

Tredje bruket og Lyftesteinen

Så fortsette turen gjennom eit granholt til siste bruket. Det er nok gammel dyrka mark som her var planta til, fleire steinrøyser vitner om det. Nå står det to hytter på bruket, den eine større og av nyare dato. Her var husbrann etter lyn nedslag, og på dei gamle murane står ei eldre mindre hytte. Like ved denne ser ein murane etter uthus og låvebru.

Her står også «Lyftesteinen», der folk kunne prøve kreftene. Soga seier at denne tunge steinen blei boren opp frå ein åker. Her budde ein kar, Ole, som var både større og sterkare enn folk flest. Blei fortalt at armane var så lange at hendene rakk ned til kneet. Og ein dag han pløyde, støytte plogen ned i denne steinen. Han blei så arg at han dro opp heile steinen, bar den opp til tunet og sette den ned der.

"Lyftesteinen"

Foto: Siss Ågedal

Den flinke naturlosen vår, Tor Oddleif Brandsdal, fekk både takk og god applaus for alt av historie om Skogen som han bidro med.

I fint solskin gjekk turen tilbake til parkeringsplassen, med mange inntrykk frå ei på fleire måter fjern fortid. Men samtidig ikkje så langt tilbake i tid, ein ser bare kor fort utviklinga har gått.