Eksempel på skilt satt opp på alle gjenværende kretsskoler i Marnardal

Rapport om skiltprosjektet

Styret i Marnardal historielag oppnemnde i møte den 21 januar 2016. desse tre til ein skiltkomitè: John Lauvdal, Finn Skuland og Svein Arild Strædet. Føremålet var å undersøke om det let seg gjere å lage eit opplysningsskilt til bruk på dei gamle, nedlagde kretsskolane i kommunen.
Det var eit ønske frå komiteen å arbeide i nært samråd med kommunen som nå har vedtatt ein kulturminneplan. John hadde eit møte med kommuneplanleggar Stein Christian Midling-Jenssen om dette. Han meinte det var heilt i samsvar med kulturminneplanen at kommunen arbeidde saman med frivillige organisasjonar. Han sa seg derfor interessert i å ta del i komitèarbeidet.
Komiteen har hatt seks møte på rådhuset, inkludert eitt på same dagen på verksemda Mindus i Mandal. Punkta nedanfor gir ei kort framstilling av arbeidet i komiteen.

Interesse for skilting av dei gamle skolane?   
Ved brev av mars til eigarane/styrarane av dei gamle skolehusa informerte komiteen om bakgrunnen for det arbeidet som var ønskeleg frå historielaget og kommunen: Å skilte gamle kulturminne, i dette tilfelle dei gamle skolehusa. Vi bad om deira syn på dette. Vi fekk positive svar (munnlege og skriftlege) frå alle. Vi kunne altså gå vidare med prosjektet. Det var 13 hus som ennå står, som var aktuelle.

Kva skulle skilta gje opplysning om?
a. Namnet på skolen sa seg sjølv. Vi valde å skrive ”skule”, ikkje skole.
b. Årstala for den tidsperioden som huset var i bruk som skole. Det var den mest tidkrevjande del av arbeidet med det som skulle stå på skilta. Fleire dagar gjekk med på Statsarkivet i Kristiansand for å finne sikre årstal. Men sjølv på arkivet var det protokollar av fleire slag som mangla frå kommunane. Andre hjelpemiddel var bokverk som Norges bebyggelse og Vest-Agder fylke 1837-1937, jubileumsskrift for formannskapslovene. Også aktuelle personar blei kontakta, ikkje minst om årstalet då skoleverksamda tok slutt. Dei vanskelegaste (sikre) årstala var knytte til Laudal skole/heradshus.
c. Tilleggstekstar. Skiltet burde også gje opplysning om kven som stod bak oppsetjing av skilta, altså med mindre skrift: Marnardal historielag til venstre og Marnardal museum til høgre på skiltet.
d. Internett. Ein moderne måte å hente opplysningar. Ein QR-kode fann vi nyttig for å få nettkontakt med skriftleg materiale på heimesidene til historielaget og Marnardal museum.

Kretsskolane i Øyslebø, Laudal og Bjelland.
Dette er tittelen på ein artikkel som skal trykkast i Marnar-minner for 2016. Han gir generelle opplysningar om tidlegare skoleordningar i landet og deretter meir om kvar einskild skole. Stoff frå artikkelen vil kome på heimesida til historielaget og kan altså finnast ved hjelp av QR-koden.

Produksjon av skilta
Firmaet Mindus gav tilfredsstillande tilbod om produksjon og levering av 13 pene skilt med tydeleg skrift, av slitesterkt materiale til rimeleg pris. Dei er leverte og er klare til oppsetjing.

Skriftleg samtykke
Kommunen stilte krav om skriftleg samtykke frå både nåverande styre for skolane og frå heimelshavarane for tomtene om oppsetjing av skilta. Dei blei tilskrivne om dette i brev av juni med svarfrist 1. juli. Alle aksepterte tiltaket.

Dekking av kostnadene
Faktura for 14 skilt vil bli betalt av kommunens kulturavdeling. Ytterlegare utgifter for event. ekstraarbeid vil dekkast på annan måte, kanskje av historielaget.
Komitémedlemmene har utført arbeidet med glede som dugnadsarbeid.

For skiltkomiteen

Laudal, 20. september 2016.


John Lauvdal