Kretsskolane i Øyslebø, Laudal og Bjelland

Den 21. januar i år sette styret i historielaget ned ein komitè til å arbeide med saka om opplysningsskilt på dei gamle kretsskolehusa. Desse blei med: John Lauvdal, Finn Skuland og Svein Arild Strædet. Komiteen fann det ønskeleg at også kommunen blei med i arbeidet. Kommuneplanleggar Stein Christian Midling-Jenssen har representert kommunen.
Artikkelen nedanfor representerer komiteen. Han er meint som eit tillegg til opplysningane på skilta.

Innleiing
Dei aller første skolehusa i Øyslebø og Laudal blei bygde midt på 1850-talet etter vedtak i heradsstyret i 1854. For dalegardane i Øyslebø blei huset plassert på Heddeland. Elevane frå Nome, Øyslebø, Skjævesland, Usland, Heddeland, Bue, Finsdal og Fuglestveit. skulle gå til Heddeland.
Skolehuset på Laudal blei bygt nær gardsvegen mellom kyrkja og kvelvbrua over Logåna. Dette huset skulle ha elevar frå Laudal nedre og øvre, frå Mjåland, Kalvekleiv, Bjørnestøl, Apesland, Sveinall, Fjellestad og Fidje.
Den første skolen i Bjelland blei bygd på Trygsland i 1875. Der fekk elevane frå Haugeneset, Ytre Homme, Hesså, Trygsland, Bjelland (prestegarden) og Skjeggestad undervisninga si.
Desse husa blei kalla faste skolar i motsetnad til dei som i over hundre år var kalla omgangsskolar. Dei måtte vente ennå nokre år før dei også fekk eigne skolehus. I mellomtida blei det somme stader leigt eit rom eller ei vanleg bondestove til skole. Dette kalla dei ei rodestove. Ei rode var nemninga på området elevane kom frå.
 I 1860 gav Stortinget ny skolelov – Lov om Almueskolen. Eit område som hadde  minst 30 skolepliktige barn, skulle ha eige skolehus eller eit fast, leigt lokale. Eit slikt område blei kalla ein skolekrets. Vi har sidan kalla slike skolehus for kretsskolar. Dei tre gamle, faste skolane på Heddeland, Laudal og Trygsland heldt fram som kretsskolar, men kretsgrensene blei noko endra. Skolehuset på Heddeland blei i 1878 flytta til Øyslebø, til plassen der Sparebanken Sør nå ligg.
Ny skolelov kom i 1889 – Lov om folkeskolen, altså den som føresette 7-årig skolegang. Dersom det i ein krets var 35 barn eller fleire, skulle undervisninga delast i to avdelingar: småskolen for barn i alderen 7-10 år, storskolen for barn i alderen 10-14 år. Dei fleste kretsskolane i Øyslebø, Laudal og Bjelland var delte i to avdelingar og blei då kalla 2-delte skolar: småskoleklasse for 1.-3. årstrinn og storskoleklasse for 4.-7. årstrinn. Det var altså fast grense for kor mange elevar det måtte til for ei slik 2-deling. Dersom elevtalet blei lågare enn denne grensa, blei det kalla samla skole eller udelt skole; altså alle årstrinn 1.-7. samla i ein klasse. Dersom elevtalet var høgare, fekk skolen namn etter klassetalet, altså talet på grupper som ulike årstrinn blei samla i, t.d. 3-delt skole, 4-delt osb. Dersom skolen var delt på alle klassetrinn, blei han kalla fulldelt skole.
Det var i åra før og etter folkeskolelova at mange nye kretsskolar blei bygde. Dei to gamle, faste skolane på Øyslebø (før Heddeland) og på Laudal blei rivne og erstatta  av skolar i kombinerte skole- og heradshus på Øyslebø (1900/1901) og Laudal (1995/97). Korleis det kom nye skolehus i dei ymse bygdelag går fram av opplysningane nedanfor.

 Dei var i drift framover til om lag midten av 1900-talet. Då tok sentraliseringa av skolane til, og kretsskolane i utkantane blei ståande tome. Heretter blei skolane i det nye skoleslaget, Grunnskolen, helst kalla sentralskolar. Ei endå nyare nemning er oppvekstsenter.
Etter at vi fekk Lov om Grunnskolen av 1969, blei skoletida delt i barnetrinn (1.-6. klasse) og ungdomstrinn (7.-9. klasse). (Seinare endra til 1.-7. og 8.-10.klasse). Nytt skolehus på Øyslebø blei då for barnetrinnet flytta til ny  tomt nær Marnar ungdomsskole. Det kombinerte herads- og skolehuset blei rive og gav plass til nytt bankbygg. Dette er grunnane til at det ikkje finst eit gamalt skolehus å skilte på Øyslebø.  

Faste skolar i kretsane
Øyslebø blei ordna i sju kretsar: Heddeland (Øyslebø), Brunvatne, Eikså, Høye, Breland, Gangså og Finsdal (frå 1880).
Brunvatne krets fekk skolehus i 1883. Siste driftsåret var 1960/61. Frå 1. januar 1964 blei Brunvatne skolekrets overført til Søgne kommune og felle såleis utanfor tiltaket med skilt på skolehuset.
I 1887 var nytt skolehus på Eikså klar til bruk. Der var skole til 1957. Så blei det brukt som grendehus nokre år til dess det kom nytt skyttarhus på Sløgedal. Då det ikkje var bruk for skolehuset lenger, blei det selt og fjerna av privat kjøpar. Derfor inga skilting.
Finsdal krets blei oppretta i 1878 og fekk eige skolehus i 1880. Der var skole til 1957. I 1958 flytte skolen til nytt skolehus på Bue. Kretsen brukte  det gamle huset på Finsdal nokre år som grendehus. I 1960 blei huset flytt til Kristiansand lærarskole på Kongsgård. Då Universitetet i Agder hadde tatt over utdanning av lærarar, blei Finsdal skolehus flytt endå ein gong, og då til universitetsområdet på Gimle. Huset fell derfor utanfor denne skiltinga.
Øyslebø krets hadde skole i heradshuset som blei rive på 1980-talet. Derfor inga skilting.

Øyslebø tidlegare kommune har altså i dag att bare tre av dei gamle kretsskolane: Breland, Høye og Gangså. Dei har nå fått namneskilt som fortel kva tid dei var i bruk som undervisningsstad i folkeskolen.

Sjå meir i Marnar-minne 2016

Laudal  blei ordna i fem kretsar: Laudal, Bruskeland, Tisland, Tjomsland og Ågset. Fire av skolehusa står ennå slik dei blei bygde. Den femte, Bruskeland skole, brann ned. 

Sjå meir i Marnar-minne 2016

Bjelland delte etter kvart kommunen i seks kretsar: Brusletta, Heldås (også kalla Haraldstad), Myran, Koland, Rydlende og Trygsland. Koland skolehus blei selt og er rive, og det er ikkje med i denne samanhengen. Dei andre står i dag mest som dei opphavleg såg ut, unntatt Myran og delvis Rydlende.

Sjå meir i Marnar-minne 2016

Marnardal kommune

Etter at sentraliseringa av skolane tok til i 1950-åra, er talet på barneskolar i den nye Marnardal kommune redusert til tre: Bjelland skole, Laudal skole og Øyslebø skole.  Ungdomstrinnet for heile kommunen er samla på Marnar ungdomsskole, Øyslebø.

Kjeldene vi har brukt – i tillegg til kontaktpersonane
Dei har vore fleire slag:

Først har vi spurt mang personar om årstal, lærarar og om periodane dei har arbeidd ved dei einskilde skolane. Manns minne går ikkje svært langt attende utan å ha det skriftleg!

Så har vi prøvd det skrivne ord i bokverk:  Vest-Agder fylke 1837-1937. Til 100-års jubileet for formannskapslovene. 1937-1937. Dernest: Norges bebyggelse. Dei to banda der Øyslebø, Laudal og Bjelland er omtala.

Den tredje kjelda har vore skoleprotokollane på Statsarkivet i Kristiansand, innleverte frå kommunane.

Mange kommunale skoleprotokollar av ulike slag er gått gjennom for å finne kva for lærarar som har underviste ved dei 13 skolane som blir skilta – og perioden dei arbeidde ved skolane. Mange namn er funne og perioden dei har undervist, men vi har ikkje funne alle. Ikkje sjeldan vantar protokollane fullstendige opplysningar om lærarar og årstal, men dei veit mest å fortelje om elevar og deira data.
Like eins har vi i protokollane frå kommunestyra  funne få opplysningar om kva som formelt er vedtatt om eigedomstilhøve og bruksrett for dei gamle skolane.
Men då dette avsnittet var skrive som avslutning om kjeldebruk, hende det noko uventa. Vi fekk kjennskap til to kommunestyrevedtak frå 1966 ig 1968 om korleis det skulle vere med dei gamle kretsskolehusa for framtida. Dei to vedtaka var notert i ein protokoll for tilsynsutvalet i ein av kretsane i den nye kommunen Marnardal. Vi fekk den velbrukte protokollen med oss idet vi vart bedne om å levere han på den rette adresse, rådhuset i Marnardal. Så hamnar hen nok etter kvart på IKAVA (Interkommunalt arkiv for Vest-Agder) med adresse Statsarkivet i Kristiansand.
Det har nå gått 50 år sidan det første vedtaket blei gjort i det nye kommunestyret. Viss vi ikkje får annan informasjon frå kommunen, må vi gå ut frå at dei to vedtaka framleis står ved lag. Sjå vedlegget nedanfor!

Skiltinga og skilta

Endå om vermeldinga sa noko anna om denne seine septemberdagen i 2016, blei det ein solskinsdag i dobbel meining. Kvar vi kom, fekk vi høyre gode ord om skiltinga. Det var nesten som kontaktpersonane syntest det gamle skolehuset auka i verdi – om ikkje i pengar, så i omtykke! Vi vonar det vil bli slik for dei andre i skolekretsen òg når dei får sjå namneskiltet med årstala.

Kanskje vil det i framtida gå opp for einskilde i yngre generasjonar at det var i dette huset, i dette klasseromet at bestefar, bestemor eller andre eldre i familien var skoleelevar då dei var barn. Fortid og nåtid møtest her ved kretsskolen. Og gamle elevar kan ennå seie: Minna lever!

Meir i Marnar-minne 2016